2019: Thorvald Steen

Årets prisvinner:

Prisvinnaren har i lang tid vore ei viktig stemme i debatten kring menneskeverd, rettferdighet og psykisk helsevern. Han har skreve fleire bøker til strålande kritikkar om det å vere annleis, – om menneskeverdet og farene ved sorteringssamfunnet. Prisvinnaren har engasjert seg i debatten om opprettholdelse av tilbod for dei som treng det sårast innan psykisk helsevern, og argumenterer i det offentlige ordskiftet og i andre kanalar for å ta vare på tilbod som kan sikre trygg oppfølging og hjelp over tid. Slik sett er årets prisvinnar ein aktivist med omgrepets mest positive tolkning.

Prisvinnarens stemme er modig og sterk på vegne av dei mest sårbare og utsette i samfunnet, som av ulike grunnar er uheldige og ramma av alvorlege helsevanskar eller funksjonsnedsetting. Prisvinnaren har gjennom sine kunstneriske evner som forfattar og aktiv deltaking i demokratiet sørga for å gi stemme til mange, gjennom å dele raust av eigne erfaringar og sitt talent. Tusen takk!

Prisen for 2019 tildeles: Thorvald Steen